torsdag 3. mars 2011

Revaskabb

Sist mandag begynte Elvis å klø på høgre sida av magen. Tenkte fyrst at det ikkje var noko, men når eg skjekka dagen etter så fann eg eit lite utslett. Han hadde mista litt pels, og eg klypte vekk litt rundt for at huda skulle få luft. Eg tenkte på våteksem og googla/grubla litt på det. Når eg tok av han dekkenet hans etter me kom heim frå tur, så la eg merke til at magereima gjekk rett over der utslette var. Sist eg vaska det brukte eg litt ekstra vaskemiddel for å få vekk sur lukt, så kan han reagera på OMO? Eller kom det den dagen han fekk middagsmåltidet frå Janka sin fôrboks? Det siste eg har havna på er revaskabb. Etter ein prat med Kari på dyrebutikken idag så gjekk det eit lys opp for meg. Elvis har jo vore i direkte kontakt med restane av ein død rev som plutsleg låg på bakkane ein dag. Og det har vore veldig mykje rev rundtom i vinter. Har sett både nye og gamle spor, levande og død rev. Det burde jo ha slått meg før. I morgon er det fredag og eg håpar Elvis får ein time hjå veterinæren. Har ikkje lyst å venta over helga før me får avkrefta eller bekrefta. Det virkar ikkje som Janka eller katten min, Sander, klør meir en vanleg. Og Elvis klør ikkje intenst, han har ikkje klødd hol, men han klør. Mammo må steppa inn og ta han til klinikken, for eg har eit møte i Bergen i morgon.
Krysse fingrane for at det er noko anna en skabb, og at det vil gå bra!

tirsdag 1. mars 2011

Doggieblogg

Blir ikkje det fyrste "skikkelige" innlegget mitt på denne bloggen. Berre ein aldri så liten test sånn midt i natten. Har jo og egentlig blåst støv av min gamle blogg og gitt den nytt navn. No er det ein blogg om meg og Elvis (og omvendt), for det blir nok mykje hund både i og mellom linjene i det eg skriv. Blas egentlig støv av den fordi eg ville blogge om kurset som eg og Elvis skulle begynne på. Eit studiekurs i klikkertrening. Eg ville ha ein blogg og logg der eg kunne dokumentera heile vegen. Men kurset vart desverre avlyst fordi det var for få påmeldte. Me skulle egentlig ha begynt i helga som var. Så no blir det berre ein vanleg blogg på oss. Ein doggieblogg.